Dei fleste av oss som vakse opp med ein katt har nok hatt ein katt som Morten. Ein som var den beste katten i verden. Det er ikkje sikkert han eller ho var som Morten. Kanskje var den beste katten i verden høy på pæra, nokre gonger sint, eller til og med kjedelig; ikkje kjempegrei og tolmodig eller ei løve som Morten, men katten ein veks opp med er nok uansett den beste katten i verden. Min het Figaro. Og han var den beste katten i verda. Litt høy på pæra og nokre gonger lett å fornærma, men tolmodig og omtenksam som få. Vakker var han òg. Som ein kald vinterdag med blå himmel og urørt snø.

Lik Morten blei han også gamal. Òg lik hovudpersonen Tommy blei eg frykteleg lei meg og tenkte at eg nok aldri kom til å ha ein annan katt. Men har ein hatt ein katt følast det rart å vera utan så ei tid seinare enda eg opp med å adoptera to nye. Dei er søsken og heiter Sam og Sophie og dei er heilt forskjellege ifrå Figaro. Sam er sjenert og frykteleg redd folk han ikkje kjenner, men han er også veras største nysgjerrigper og elskar å bli kost på magen. Det kunne ikkje Figaro fordra. Sophie kan vera frykteleg fin og høy på pæra, men ho er langt mindre sjenert enn Sam og likar kos. Nokre gonger skal ho ha kos om du vil eller ikkje.


Lik den nye katten til Tommy, Alfred, kjem dei aldri til å erstatta Figaro, men eg liker dei likevel og dei er nokså fantastiske. Forhåpentlegvis tolerer dei meg òg slik katter gjer. Det ser slik ut.
«Jeg savner pus» er ei bok ein kan kjenne seg igjen i. Bli lei av. Og litt glad av. Det er ei bok for alle som har mista nokon.